Våre tilsette i Osland går kvar dag på arbeid for å skape nye moglegheiter og nytte forholda som ligg til rette for å lykkast. Vi er eit samansett lag, med ulik kompetanse og arbeidsoppgåver. Nokre har høgare utdanning, og andre er praktikantar med lang erfaring. Det er samansetninga av kompetansen vår som dannar grunnlaget for arbeidet vi utfører.
Arbeidsleiar får ansvar for å vidareutvikle produksjonen av stamfisk ved å ha kontroll på det biologiske materiale.
Vi søkjer no etter ein Arbeidsleiar til Osland Stamfisk AS som ønsker å ta del i vår utvikling mot å nå nye mål. For å lykkast i denne stillinga må du vera ein inspirerande leiar som evnar å byggje gode relasjonar til kollegaer. Du er ein «drivar» med høg gjennomføringsevne som får det beste ut av teamet slik at vi sikrer trygt avlsarbeid.
Du vil få ansvaret for det praktiske arbeidet med stamfisk og avlsarbeid saman med vårt stamfisk team. Du får ansvar for å utvikle organisasjonen ved personalansvar for landanlegget i Bjordal.
Kulturen i selskapet er jordnær og uhøgtideleg. Selskap vil verdsette ein leiar som evner å sette seg inn i og utvikle fagområdet, gjennom samhandling og god dialog. Stillinga rapporterer til administrasjonsleiar i Osland Havbruk. Arbeidsleiar stamfisk vil ha ansvar for 8 tilsette med alle direkte rapporterende. Arbeidsstad er Bjordal, 12 mil nord for Bergen.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av stamfisk og rognproduksjonen ved Osland sine landlokalitetar
- Ansvar for produksjonsutstyr, ressursar, anlegg og alt utstyr til bruk i avlsarbeidet
- Ansvar for innkjøp og oppfølging av budsjett, prosjekt og leverandørar
- Sikre gode og trygge arbeidsplassar gjennom fokus på HMS, god personalleiing og organisasjonsutvikling
- Rapportere om avlsarbeidet og rognkvalitet saman med avlsfaglig rådgivar.
- Identifisere, analysere og gjennomføre forbetringsarbeid
kvalifikasjoner
- Fordel med erfaring og kompetanse innan fiskeoppdrett, men erfaring/ kompetanse frå andre næringar er og interessant.
- Solide leiareigenskaper med gode resultat med utvikling, gjerne i linjeleiing.
- Det er ynskeleg med høgare utdanning innan biologiske fag eller agrikultur, men relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- Sterk på IT og bruk av dataverktøy
Personlege eigenskaper
- Operativ, med høg gjennomføringsevne og pågangsmot
- Løysingsorientert, rasjonell og effektiv
- Gode kommunikasjonseigenskaper
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og høg trivsel
- Konkurransedyktige vilkår
- Ein spennande leiarstilling med stor moglegheit til å påverke
- Arbeide i fantastiske omgjevnader i Sognefjorden
- Om ynskjeleg bistand til å finne bustad i Bjordal eller omegn
Trykk "Søk her" for å søke på stillinga.
For spørsmål om stillinga kontakt Anders Skjervheim, Avdelingsleder Vestland i rekrutteringsselskapet JKS Norge på tlf 99384542.